Ben’s venner si innsamling for betre veg til Kroken
Ben Ward er ein driftig, fin fyr, som skapar liv og aktivitet på garden Kroken over Ornes. Han har sett i stand hovudhuset, bygd sauna i eit tre (jadda!), frakta eit lafta stabbur mange mil og sett det opp att på Kroken, bygd eit fantastisk trehus med hems, kjøkken og soveplass. Han har deltatt i "der ingen skulle tru at nokon kunne bu" i to program-og ni kjem det snart nye episodar. Han slepp bok i desse dagar, og reiser rundt og held foredrag. For å nemne noko.. Så har han ein veldig utfordrande veg frå garden og ned til Ornes og sivilisasjonen, som stadig vert råka av stein og jordras og krev kontinuerleg vedlikehald. Og det ønskjer vi å hjelpe litt til med gjennom denne spleisen!
