Sikre taket på stallane til Gamlekyrkja mv.
Alle innsamla midler går rett til taket. Alle som blir med får kaffi og kake, til sommaren.
Me på Hol pensjonat har gjort mykje og mangt dei siste åra for å sikre bygget ei framtid. No om dagen går det i graving for drenering, reperasjon av avløypsrøyr mv.
Og så skal me sikre taket på uthuset, slik at dei gamle butikklager-lokala, vognskjulet og stallane frå Gamlekyrkja ikkje opplever at taket reiser. Denne tak-jobben er det me lurer på om fleire vil vere med på - kostnaden er berekna til vel 30 000 kr og me prøver ein Spleis på det - delta om de vil
![]()

