🔥REINA - Badstua v/ Seljesanden 🔥
STATUS:
-Badstua er komt ! Og det blir offisiell opning 1.mars kl. 13.00!!
Sjå meir info HER
Styret i Stad heilårsbadelag jobbar på for å få på plass finasieringa og alt som må bli klart til opninga og om å samle inn siste rest av midlar vi treng🔥
Vi opnar og startar tilbodet uansett, men vi har som mål at badstua skal vere betalt og prosjektet avslutta i løpet av første driftsmånad.
Dette vil sikre ei tryggare drift for vårt helsebringande lågterskel tilbod.
VI TRENG FRAMLEIS LITT PENGER. BLI MED Å STØTT! ALT HJELPER :)
Meir detaljert informasjon om prosjketet finn du her: https://www.stadheilarsbadelag.com/
Litt historikk og informasjon -
Stad kommune har lagt til rette for plasseringa ved å signere avtlae om bruk av grunn men Stad heilårsbadelag, Linja har fått lagt straum og gitt oss ein kjempe god pris. Stad kystbygg har elegant og tolmodig fått badstua på plass og Eid elektro å koblar opp straumen.
Nettsida vår er klar og ein kan allerie no booke seg tid frå og med 1. mars frå kl 15.00:https://badstu.stadheilarsbadelag.com/
Litt meir om Stad heilårsbadelag og badstueprosjektet:
Stad Heilårsbadelag er ein ideell organisasjon som driv med heilårsbading, naturmøteplassar og badstueprosjekt. Vi ynskjer å skape ein inkluderande og helsebringande møteplass der ein kan samlast og oppleve fysisk og mental velvære.
Badstua skal vere ein varm og innbydande arena som fremmar trivsel og sosialt fellesskap. Ved å tilby ein stad for avslapping og revitalisering, bidrar badstua til å styrke helse, redusere stress og fremje ein sunn livsstil for folk i alle aldrar og bakgrunnar.
Det er ei investering i lokalsamfunnet som vil skape ringverknader både for innbyggjarane og besøkande. Medlemmar i Stad heilårsbadelag vil få nokon fordelar/goder, men badstua skal vere for alle. Ein skal kunne booke drop in timar for ein rimeleg/lavterkel sum, men det vil og bli mogeleg å leie heile badstua.(då eigne prisar og avtalar)
Vi handlar lokalt og det er Stad kystbygg som har bygd badstua. Styret i Stad heilårsbadelag har hatt nokre tilpassa ynskjer og justeringar for "Reina": Det var viktig for oss at badstua skulle bli tilrettelagt med breie dører slik at flerie kan nytte badstua. (med tanke på rullator eller rullestol) Vi har og valt bærekraft og kvalitet: varmebehandla osp både tak, veggar og benkar, ein kraftig og elegant Wifi omn, romsleg garderobe, speilvindu m.m
Det er romsleg toalett og dusj rett ved.
Sjå kven som har støtta so langt på vår nettside
Bedrifter, lag og org, Medlemmar og privatpersonar blir lista opp med namn på takketavla på/ved sjølve badstua:) Dei som vel å vere anonyme blir samla under Anonyme givarar:)
VIL DU HA DITT NAMN PÅ TAKKETAVLA? FORT DEG Å BLI MED PÅ SPLEISELAGET!
Vil /treng du /di bedrift å få tilsendt faktura? Ta kontakt med leiar Maria Helgesen. maria.helgesen@gmail.com
Vil du bli medlem? Meir info kjem ! Vi oppdaterar og organiserer :)
Vipps nr: #662501
Følg oss på facebook: @stad heilårsbadelag og bli med på våre fellesbad.
