Renovering av leikeplass
🎉 Saman lagar vi ein ny møteplass i Slåttebakkane! 🎉
Slåttebakkane grannelag ønsker å skape ein trygg, inkluderande og aktiv møteplass for alle – i alle aldrar. Vi ønsker å få på plass:
⚽ Ballbinge
🛝 Leikestativ
🤸 Dissestativ
⛷️Akebakke
Dette skal bli eit naturleg samlingspunkt for sosialt samvær og fysisk leik, der barn, ungdom, vaksne og eldre kan møtast på tvers av generasjonar. Ein plass for glede, aktivitet, inkludering og fellesskap – rett utanfor døra.
I ei tid der mykje skjer digitalt, ønskjer vi å legge til rette for fysiskr møtepunkter, der ein kan leike, vere i aktivitet, prate saman og bygge gode relasjonar i nærmiljøet vårt.
💚 Kvifor støtta dette prosjektet?
– Gir barn og unge ein trygg stad å vere
– Fremjar fysisk aktivitet og god helse
– Skapar samhold og fellesskapsfølelse
– Gjev heile nabolaget ein stad å samlast
Alle bidrag, store og små, betyr enormt mykje. Om du ikkje har moglegheit til å bidra økonomisk, betyr det òg mykje at du deler spleisen vidare ❤️
👉 Saman kan vi få dette til – tusen takk for støtta!
— Slåttebakkane grannelag
