Videre drift av Møre Skatehall
Det er tøffe tider for uorganiserte idrett og fritidsaktiviteter. Vi er der igjen, for at vi skal klare å fortsette å halde dette unike og fantastiske tilbodet tilgjengelig som den er i dag, så er det ikkje nok med driftsinntekter og der me er pr i dag på sponsor og støtte.
Møre Skatehall har vært eit ope tilbod for alle i heile regionen vår i 10 år ! Dette er me ganske stolte over. Vi har heile vegen hatt låg terskel for bruk, hatt gratis utlån av utstyr og kunne vært rause med barn og unge når dei ikkje alltid kan betale for seg. Basert på slitasjen på utstyrt me låner ut, så ser vi at tilbodet blir brukt mykje. Møre Skatehall er eit viktig tilbud, fordi det gir ein arena til barn og unge som ikkje finner sin plass i andre aktivitar eller arenaer. Vi er godt tilbod for familier i ferier og helger. Og me er eit godt tilbud for studenter i nabobygda og det som kan kallast vaksne som halder liv i gamle kunster eller som begynner å skate i lag med sine barn. I Skatehallen betyr ikkje alder eller nivå noko, det er aktiviteten som me del som står i fokus og den felles gleda ein har i andre sin progresjon.
Vi har fått støtte til å pusse opp hallen, som etter 10 år begynner å bli nødvendig, men dette kan me ikkje begynne med før drifta er videre sikra.
Takk til dei som bruker hallen og Takk for støtte til eit lite men veldig viktig tilbod til barn, unge og vaksne her i vår region. få eller ingen har EiT så tilgjengelig Skatehall som vi har her uti Hovdebygda.
sjekk filmen fra X2 2024 og sjå kva me har skapt i lag med X2 festivalen !
https://youtu.be/zmV2RW3sBRc?si=ZWDJiOZOONurWWEU
