Bursdagspleis for dyra❤️
Til min bursdag i år, ynskjer eg å samle inn pengar til dyra her på Bjørkeli Dyrefristad.
Dyra på Bjørkeli Dyrefristad har alle sine eigne historier. Nokre kom hit etter å ha vore utsatt for vanrøkt, andre etter å ha blitt overflødige eller verande utan ein heim. Uansett bakgrunn, så trengde dei alle ein ny sjanse – og det har dei fått her. Geitebukkane, hestane, hundane, duene og hønene får no leve i eit trygt, roleg og kjærleiksfullt miljø, der dei kan vere dei sjølve utan frykt eller stress.
Det krev mykje arbeid og ressursar for å gi desse dyra det dei trenger. Mat, stell og vedlikehald – alt kostar pengar, og derfor har eg oppretta denne spleisen. Håpet mitt er at du vil vere med og bidra, så vi saman kan fortsette å gje desse dyra ei trygg framtid❤️
Alle bidrag – store som små – vil hjelpe oss på vegen. Og viss du har nokon du kjenner som kunne tenkt seg å støtte, blir eg veldig glad for å få ordet vidare!
Tusen takk for at du er med på å gjere bursdagen min ekstra spesiell, og for at du hjelper dyra på Bjørkeli Dyrefristad å få den framtida dei fortener❤️🐐🐕🐎🐔🐦
