Gaza, SOLIDARIET UTAN GRENSAR
Global Movement to Gaza starta som Global March to Gaza i juni 2025. Etter marsjen reorganiserte vi oss i juli 2025 for å halda fram det globale arbeidet for ein reell våpenkvile, ansvarleggjering og iverksetjing av FN-resolusjonar, samt respekt for avgjerdene frå ICC og ICJ, med mål om å få slutt på beleiringa og okkupasjonen av Palestina.
I juli 2025 slo vi oss saman med Sumud Convoy, Sumud Nusantara og Freedom Flotilla Coalition i den fredelege aksjonen Global Sumud Flotilla – Sail to Gaza, fast bestemte på å bryta beleiringa med solidaritet og håp. Sjølv om vi ikkje nådde fram, nådde bodskapen vår Gaza: folket er ikkje åleine, og kampen mot folkemord, okkupasjon og urett held fram.
Global Movement to Gaza Noreg har vore del av Global March to Gaza, er aktiv i Global Movement to Gaza og Global Sumud Flotilla, og vi skal delta både i den nye SAIL TO GAZA i staten av 2026 og alle komande solidaritetsaksjonar.
