Marit og Maria køyrer bil frå Sogn til Ukraina
Krigen i Ukraina har forferdelege følgjer. Russlands krig fører til at mange sivile blir utsette for drap, tortur og terror. For å hjelpe med evakuering av personar som kjem i krysselden, trengst ein bil som kan gå i skytteltrafikk fram og tilbake. Bilen må ha 4WD, vere dieseldriven og ha manuell gir.
Vi er to damer frå Sogn som vil køyre bilen fram og overlevere den direkte til dei som treng den ved fronten. Ukrainas kamp er vår alles kamp. Eit enkelt menneske eller ein enkel donasjon kan gjere ein forskjell, og difor samlar vi inn pengar til bil, omregistrering, profilering (flagg), diesel og ferje for å få bilen fram til Ukraina. Ingen pengar går til sjåførar eller administrasjon – vi dekkjer våre eigne kostnader.
Di støtte kan redde liv!
Kvar krone tel, og saman kan vi gjere ein forskjell. Om vi får inn meir enn nødvendig, vil vi kjøpe dieselaggregat, batteripakkar og anna viktig utstyr til neste bil. Lat oss vise respekt og takksemd ved å hjelpe dei som står i frontlinja. Dei treng vår støtte for å halde ut i kampen!

