Støttespleis
Alle pengane som vert samla inn, går til innkjøp av naudsynt utstyr til Ørsta Skisenter
Brannen i trakkegarasja reiste med mykje viktig utstyr for drifta av skisenteret, mellom anna ei trakkemaskin og tre snøskuterar. Dette var maskina som lagar dei flotte løypene til Åmskaret. Sjølv med god forsikring slepp ein ikkje unna store kostnadar til naudsynt utstyr. Vi håpar dei mange brukarane (og andre) vil støtte Spleisen og bidra til at vi kan levere gode løyper til Åmskaret og gode og trygge forhold i bakkane.


