Håp i ein dråpe vatn! Støtt Os-konfirmantane sin Fasteaksjon 2026
Alle pengane som vert samla inn går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for mennesker i naud.
Nesten 800 millioner mennesker lever utan tilgang til reint vatn i verda i dag, på grunn av tørke, flom, jordskjelv eller krig. Men det er håp. Kirkens Nødhjelp arbeider både med akutt bistand i katastrofesituasjoner og langsiktige prosjekt for å redusere naud og fattigdom.
Det er lett å bli motlaus. Men saman kan vi samle alle gode krefter og gjere det vi kan for dei mest sårbare i verda. For 300 kroner gjev du eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet.
Årets aksjonsdag er søndag 22.mars. Då går konfirmantar og frivillige frå dør til dør over heile landet. Ta godt imot dei!
Tusen takk for støtta di - ho reddar liv!

