Spleis for å setje i stand nytt klubbhus til Volda E-sport
Volda E-sport har flytta inn i nytt klubbhus! No treng vi hjelp til å setje det skikkeleg i stand slik at det blir ein trygg, inkluderande og framtidsretta møteplass for barn og ungdom i bygda.
På vårt klubbhus stiller alle likt. Her møtest ungdom på tvers av interesser, erfaringar og miljø, og blir kjende gjennom samarbeid, lagspel og felles opplevingar. E-sport skaper fellesskap, meistring og respekt, og gir rom for ulike styrkar og talent. Vi ønskjer å vere ein arena som byggjer bru mellom menneske og styrkjer samhaldet i lokalsamfunnet.
For å få lokalet klart må vi investere i ventilasjonsanlegg, nytt elektrisk anlegg, HC-WC, byggematerialar og anna nødvendig utstyr. Vi skal ruste opp lokalet slik at det blir trygt, universelt utforma, funksjonelt og triveleg å vere i.
Vi håper både privatpersonar og bedrifter vil vere med og bidra. De støttar ikkje berre eit klubbhus – de investerer i ungdom, like moglegheiter og eit sterkare lokalsamfunn.
Tusen takk for støtta 💙🎮

