Biler til Ukraina
No i Mai blir det tur til Ukraina på meg og Sverre Sæten. Ukrainerane sin kamp og mot har lenge imponert oss. Vi vil gjerne bidra med det vesle vi kan, og har difor valgt og køyre ein bil, som blir fylt opp med utstyr,ned til Ukraina. Krigen har forferdelige følger. Russlands folkerettsstridige krig fører til at mange soldater og sivile blir utsatt for drap, tortur og terror. For å hjelpe til med evakuering av personer som kjem i kryssilden trengs det bilar som kan køyre i skytteltrafikk fram og tilbake. Dei må ha 4WD, vere dieseldrevne og ha manuelt gir. Aktuelle biltypar er varebilar(t.d Hiace), SUV eller pick Up. 100 biler er allereie levert,men behovet er stort, og det trengs stadig fleire. Veit du om nokon som vil donere, eller selge rimeleg eit aktuelt køyretøy, så ta gjerne kontakt med oss eller organisasjonen. Sjåfører står klare til å føre bilar heilt fram, og overleverer dei direkte til dei som skal ha bilen.

