Polentur 2027
Tur til Polen
Vi er ein klasse som samlar inn pengar til studietur til Polen. Turen gir oss moglegheit til å lære om historie på ein sterkare og meir verkeleg måte, gjennom besøk til viktige minnestader frå andre verdskrig.
Sjølv om dette er ein 27 års tradisjon, får vi ikkje støtte frå kommunen. Difor ønskjer vi å samle inn pengar slik at alle i klassen kan få moglegheit til å vere med, uavhengig av økonomi.
Vi set stor pris på alle bidrag – små som store. Tusen takk for støtta!