Kronerulling for trivsel ved sjukeheimen i Sykkylven ❤️
Tenk deg at verda di blir mindre.
At kvardagen består av det same rommet, dei same dagane – av sjukdom og einsamheit.
Då betyr dei små tinga alt.
Eit spel som skaper latter. Ei hand å halde i. Ein stad ute i sola der ein kan puste litt friare.
Vi i Trivselsringen Buas ønskjer å gjere kvardagen litt lysare for dei som bur på sjukeheimen vår. Dessverre finst det ikkje kommunale midlar til slike trivselstiltak. Difor ønskjer vi å gi dei eit velfortent løft – og vi håpar du vil vere med.
Gjennom kronerullinga samlar vi inn midlar til:
💛 materiell til avdelingane, aktivitetar, spel og hobby
💛 vårpynting av inngangsparti
💛 utemøbler som er gode å sitje i
💛 uteputer til gamle og nye møblar
💛 Tovertafel – digital magi som gir liv og meistring for personar med demens
💛 skap frå AJ som skjerma avdeling ønskjer seg
💛 nye stolar til skjerma avdeling (loslitte)
💛 oppgradering av uteområda, pergola og sansehage
💛 hagekasser til urter og grønsaker
Du kan bidra med det du har høve til. Kvar krone tel, og saman kan vi gjere ein forskjell. 👉 Støtt via Spleis eller gi direkte til Trivselsringen.
Tusen takk for at du bryr deg – det betyr meir enn du trur ❤️

