Hjelp Stryn Motorsportklubb å bygge klubbhus
Stryn Motorsportklubb har eit stort mål: å bygge eit eige klubbhus som kjem både medlemmar og besøkande til gode.
I dag har vi dessverre ikkje eit fungerande klubbhus. Vi har berre to gamle, falleferdige brakker – utan straum, vatn eller toalett. Det betyr at verken utøvarar, frivillige eller publikum har tilgang til heilt grunnleggande fasilitetar, som ein plass å varme seg eller gå på toalettet.
Dette gjer det krevjande å arrangere aktivitetar og ta godt imot alle som ønskjer å vere med.
No ønskjer vi å gjere noko med dette.
Vi har vore så heldige å få tildelt midlar frå Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane, og Sparebanken Norge. Likevel manglar vi ein liten del av finansieringa for å kunne realisere prosjektet.
Eit nytt klubbhus vil:
Gi tilgang til toalett og nødvendige fasilitetar
Skape ein varm og trygg møteplass
Legge til rette for matlaging og sosiale samlingar
Betre forholda for både arrangement og trening
Styrke miljøet for barn, unge og vaksne i lokalsamfunnet
Dette blir eit løft for heile klubben – og for alle som besøker anlegget vårt.
💛 Vi håpar du vil vere med og bidra!
Kvar krone tek oss nærare målet om eit inkluderande og funksjonelt klubbhus.
Tusen takk for støtta
