Oppgradering av uteområdet ved Heidal barnehage
Heile det innsamla beløpet vil gå uavkorta til dette føremålet.
Heidal barnehage ønskjer å oppgradere uteområdet slik at det i endå større grad kan vere ein inspirerande og læringsrik arena for barna. Eit sentralt tiltak er å investere i byggjesett frå Lekolar.
I tillegg vurderer vi å tilføre meir farge til uteområdet, med maling, for å skape eit endå meir triveleg og innbydande miljø.
I den samanhengen opprettar FAU ved Heidal barnehage denne spleisen, med eit håp om at foreldre, føresette, besteforeldre og andre som ønskjer det, vil vere med og bidra økonomisk. Små og store bidrag vil til saman kunne utgjere ein stor skilnad for barna sin kvardag.
På førehand tusen takk for støtta!
