Støtt arbeidet med dei bandlagde sognageitene frå Kvist
Vil du støtte framtida for geitene frå Kvist?
Etter ei lang tid med uvisse går det no endeleg mot betre tider for etterkommarane etter den forvilla geitestammen på Kvist. Over 20 tamme og friske geiter og bukkar er samla inn, og desse dannar grunnlaget for vidare arbeid med å ta vare på ei verdifull, gammal norsk geitegruppe.
Eg håpar no at fleire vil bli med og støtte dette arbeidet – og gi geitene frå Kvist ei trygg og verdig framtid.
Korleis blir pengane brukte?
Alle inntektene frå denne spleisen går uavkorta til Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane, som har ansvaret for at midlane blir nytta til det tiltenkte føremålet. Pengane går til nødvendige utgifter knytte til dagleg drift av flokken, mellom anna stell, fôr, medisinar, veterinærtenester, oppstalling, beitetilsyn og anna naudsynt utstyr.
Kvifor eg engasjerer meg
Eg har engasjert meg sterkt i denne saka, både fagleg og personleg.
I starten meinte eg at det var fint om geitene kunne få gå fritt, slik dei alltid har gjort. Men etter kvart som eg såg kor ille dei hadde det om vinteren, vart det klart for meg at den mest realistiske måten å ta vare på stammen på var å byggje opp ein tam stamme av etterkomarane etter den forvilla flokken.
I praksis er dette det same som saneringa alle norske geitebesetningar gjennomførde på 2000-talet.
Erfaring frå eiga drift
Ei sanering på Kvist inneber at ein satsar på kjea som blir tamde heilt frå dei er små og avlivar dei gamle dyra.
Alle geitebønder i Noreg har gjennomført ei slik sanering, da av omsyn til dyrehelse. Ved å ta kjea frå mora ved fødsel, fekk ikkje mødrene høve til å smitte kjea sine med fleire alvorlege sjukdomar. Vi i Undredal, der eg har vore geitebonde i 30 år, gjennomførde dette i 2006.
Den dagen vi slakta alle dei vaksne geitene våre, var ein sorgtung dag. Dei hadde vore med oss gjennom mange år. Etter at tårene hadde stilna, valde eg å fokusere på dei killingane vi hadde fått frå dei, og investerte all mi omsorg og kjærleik i dei nye friske geitene våre.
Den nye generasjonen vart kvitt fleire sjukdomar som hadde tyngt dei vaksne dyra.
Det gjekk ikkje lang tid før drifta var normal att i Undredal. Sjølv utan dei gamle dyra fann den nye generasjonen dei gamle vegane i liane, og alt vart som før – bortsett frå at vi vart kvitt tre alvorlege sjukdomar, at geitene vart lettare til beins og gav meir mjølk.
Ei framtid for sognageita frå Kvist
Eg er overtydd om at den nye generasjonen sognageiter frå Kvist vil bli minst like fine og stolte som geitene de slekter på. Dei vil føre dei unike eigenskapane sine vidare – til glede for seg sjølve og for alle oss som har forelska oss i desse fantastisk sjarmerande geitene.
Samtidig står vi no i ein krevjande fase.
Smittestatusen i flokken er framleis ukjend, og difor er geitene bandlagde av Mattilsynet. Bandlegginga kan vare i opptil tre år og fører med seg strenge krav og praktiske avgrensingar i kvardagen. Dette gjer situasjonen både krevjande og kostnadskrevjande.
Bandlegginga gjer det òg vanskeleg for mange å bidra praktisk. Gjennom denne spleisen ønskjer eg difor å gi alle som vil hjelpe, ein reell moglegheit til å vere med og støtte arbeidet i denne overgangsfasen.
Målet
Målet er å byggje opp ein livskraftig og berekraftig stamme av det som må kunne reknast som gammal norsk mjølkegeit. Med di hjelp kan vi støtte dei som står i det daglege arbeidet, sikrar god dyrevelferd i bandleggingsperioden, og leggjer grunnlaget for ei trygg framtid for geitene frå Kvist.
Tusen takk for støtta 💚



