Oppussing av aktivitetsrom
Strandebarm FAU har lenge hatt eit ønskje om å pusse opp rommet som ligg opp trappa i kantina. I dag blir det brukt av elevane på ungdomsskulen og til danseundervisning for kulturskulen. Frå hausten vil rommet òg bli brukt som base for ein planlagt ungdomsklubb frå 7. klasse og oppover.
For å gjere rommet meir triveleg og funksjonelt for ungdommane vil vi:
- male veggane
- henge opp lyddempande plater
- møblere med fleire sittegrupper
Kulturskulen har kjøpt inn speglar som skal opp på veggen til dansegruppa. Til fargeval og innreiing har vi fått god hjelp av den lokale kunstnaren Lina Valland Lyngset, slik at rommet kan bli både praktisk og fint å vere i for ungdommane.
Vi har alt fått tak i brukte møblar, men treng framleis pengar til maling, lyddempande plater og tekstilar for å kunne gjennomføre planane våre.
Vi har søkt om støtte frå fleire aktørar og stiftingar, men har førebels ikkje fått tilslag. Vi ønskjer derfor å opprette ein spleis, slik at vi kan få inn midlar til å setje i gong prosjektet og skape eit betre rom for ungdommane i Strandebarm før hausten kjem.
Alle bidrag, små og store, er hjarteleg velkomne.
På førehand tusen takk for hjelpa.
