Hopp til hovedinnhold

Hjelp Sawab og Hameed vidare – støtte til anke til Høgsterett

Sawab og Hameed har tapt i lagmannsretten, fått over 200.000 kroner i sakskostnader og ønskjer no å anka saka til Høgsterett. Denne spleisen skal bidra til juridisk bistand og vidare oppfølging av saka

Hjelp Sawab og Hameed vidare – støtte til anke til Høgsterett

Sawab og Hameed har tapt i lagmannsretten, fått over 200.000 kroner i sakskostnader og ønskjer no å anka saka til Høgsterett. Denne spleisen skal bidra til juridisk bistand og vidare oppfølging av saka

Etter fleire år med kamp for å få saka si prøvd, har Sawab og Hameed no tapt i lagmannsretten.

Dommen betyr at dei mistar opphaldsløyvet sitt i Noreg. I tillegg er dei dømde til å betala over 200.000 kroner i sakskostnader.

Etter siger i tingretten, kom som eit svært tungt slag.

Sawab og Hameed kom til Noreg som mindreårige og har brukt ungdoms- og vaksenåra sine på å byggja liv her. Dei har gått på skule, lært språk, skapt vennskap og blitt ein del av lokalsamfunnet.

Sawab har tatt fagbrev som tømrar og er i arbeid. Hameed går på skule og arbeider mot ei framtid i Noreg.

Desse to unge gutane har fått livet sitt snudd opp ned, dei treng sårt din støtte!

Saman med advokaten har dei bestemt seg for å anka til Høgsterett. Ei slik vidareføring krev juridisk bistand og medfører store kostnader – samstundes som dei allereie står overfor sakskostnader frå tidlegare rettsrundar.

Denne spleisen er oppretta for å hjelpa med:

• juridisk bistand knytt til anke til Høgsterett

• kostnader ved vidare rettsleg behandling

• sakskostnader frå tidlegare rettsinstansar

• nødvendig oppfølging gjennom prosessen vidare

Vi veit at Høgsterett sjølv avgjer om saka blir teken inn til behandling. Men vi meiner Sawab og Hameed fortener moglegheita til å få saka si vurdert heilt til siste rettslege instans.

Dei siste åra har mange stått saman med dei. No treng dei støtta meir enn nokon gong.

Kvar støtte – stor eller liten – betyr mykje. Om du ikkje har moglegheit til å bidra økonomisk, set vi stor pris på at du deler spleisen vidare.

Takk for at de bryr dykk.

Hjelp Sawab og Hameed vidare – støtte til anke til Høgsterett

9 510 kroner innsamlet

20 givere
70 dager igjen
4% av 200 000 kr
Verifisert
Sawab Khan Uryakhel mottar pengene
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».

Siste aktivitet

  1. Anonym
    4 givere ga anonymt
  2. Ståle
    støttet og skrev en hilsen
    Lukke til med saken!
  3. Oddbjørn.
    støttet og skrev en hilsen
    Lykke til, måtte rettferdigheten og fornuften seire! 🤞🤞
Vis all aktivitet

Hjelp Sawab Khan Uryakhel å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
Sawab Khan Uryakhel er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere spleiser vi heier på

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×