Parkinson Sogn og Fjordane, KAUPANGER, Unity Walk 2026
TIL alle mine venner (og fiendar)
Vi treng hjelp for å finansiere vidare forskning for å få bukt med denne j..... Parkinson-sjukdomen som råkar fleire og fleire. Ein sjukdom som ikkje berre påvirkar pasienten, men ofte nesten like mykje gjengen rundt oss. Gi eit bidrag gjennom denne spleisen, stort eller lite, tanken tel også.
Laurdag 13 juni klokka 12-14 skal folk over heile landet "RULLE, gå og LØPE" for Parkinsonsaka. Eg vel å konsentrere meg om mitt nærmiljø og håpar mange vert med meg i KAUPANGER denne dagen. Tidspunkt og nøyaktig stad kjem seinare, eg håpar på godver, slik at eg kan få vist fram bygda sine kvalitetar, både som turområde og samtidig vise det breie spekteret av aktivitetar rundt Kvernhushaugen. Her er det noko for alle, også Parkinson-folk.
PS: Det er absolutt lov å gi bidrag sjøl om ein ikkje er med å gå denne dagen.

