Rune og Anders Alvaro samler inn penger til Landsforeningen uventet barnedød ❤️
Rune og Anders samlar inn pengar til Landsforeningen uventet barnedød ❤️
Fredag 5. juni kl. 07:00 skal vi delta på «Neveresting» i Hafjell. I løpet av 36 timar skal vi samle høgdemeter, men viktigast av alt: samle inn pengar til Landsforeningen uventet barnedød (LUB).
Du kan velje å sponse ein av oss, eller begge:
* med eit fast beløp
* med ein sum per bestiging
* eller kanskje med eit beløp per høgdemeter vi klarer totalt
Vi håpar du vil vere med og støtte det viktige arbeidet LUB gjer for familiar og etterlatne som mister eit lite barn.
«Det som gjør LUB til en fantastisk organisasjon, er at man kan møte andre mennesker som har opplevd det aller verste i livet, men som har overlevd og som gir deg et håp om en fremtid. - Medlem i LUB»
Kva er «Neveresting»?
Neveresting handlar om å samle høgdemeter. Éi runde gir 590 høgdemeter, og løypa opp er 3,5 kilometer lang. Deretter tek vi gondolen ned og startar på ny bestiging.
Målet er å samle så mange høgdemeter (og penge gåver til LUB!) som mogleg på 36 timar.
* Galdhøpiggen tilsvarer 5 rundar
* Elbrus tilsvarer 10 rundar
* Mount Everest tilsvarer 15 rundar
15 rundar betyr heile 8 850 høgdemeter.
Målet vårt?
Over 20 000 kr til LUB.. og drømmen om 10 000 høgdemeter-klubben 💪❤️


