Dugnadsspleis for Bjørkeli Dyrefristad
Dugnad på Bjørkeli Dyrefristad 🩷
🌿19.–21.06 🌿
For fjerde året på rad inviterer vi til dugnad på Bjørkeli Dyrefristad – og vi kjenner på stor takknemlegheit for alle som ønskjer å vere med og hjelpe dyra våre. 💚
Denne helga skal vi mellom anna restaurere gjerder på luftegård og beiter til hester og geitebukker, måle stallen innvendig og starte arbeidet med eit nytt hus til høner og hanar 🐓
Kvar einaste arbeidsøkt, kvar einaste støtte og kvar einaste omtanke betyr så mykje for både oss og dyra som bur her❤️🐴🐐🐓🐔🐦🐶
Med denne spleisen ønskjer vi å samle inn pengar til materialar, nettinggjerde, måling og anna utstyr vi treng til dugnaden. Alle bidrag – store eller små – hjelper oss med å skape ein tryggare og betre kvardag for dyra.
Tusen takk til alle som støttar, heiar på oss og stiller opp. De betyr meir enn de anar❤️🙏
