Bidra med støtte til å utstyre brannbil frå Ulstein til Ukraina!
Alle pengane som samlast inn går til å utstyre brannbilen U.1.2 som er donert av Ulstein kommune. U.1.2 vil nyttast i innsats i Donetsk-regionen.
🚒 Ulstein sender brannbil til Ukraina – og vi treng di hjelp!
Brannbilen som skal donerast har ein verdi på rundt 100.000 kroner. Klarer vi å samle inn det same beløpet lokalt, kan vi kjøpe rett utstyr direkte i Ukraina, sidan mykje av det norske slangeutstyret ikkje passar med standardane der.
Bilen rommar 3.000 liter vatn, har ei kraftig pumpe, fleire hundre meter med slangar og hydraulisk redningsutstyr som kan redde liv ved trafikkulykker og bygningsras.
🎯 Målet er å samle inn minst 100.000 kroner. Saman kan vi bidra til tryggleik og beredskap der behovet er stort.

