Gutta skal på cup!
I sommar har Vågå/Lom G15 fått den fantastiske moglegheita til å delta på Norway Cup - ei oppleving vi gledar oss stort til! Dette er meir enn berre ein fotballturnering; det er ei oppleving for livet med nye møte, venskap og minner vi tek med oss vidare.
For mange av oss er dette første gongen vi får vere med på noko så stort, og det betyr mykje for laget og for kvar enkelt spelar. Men ei slik reise kostar, det er deltakaravgift, transport, overnatting og mat. Vi får eind el hjelp frå idrettslaget, men ikkje til å dekkje alt. Difor har vi oppretta denne dugnaden - så fleire kan vere med utan at det blir for stor økonomisk belastning for kvar familie.
Kvifor støtte oss?
- Du bidreg til at ungdom får vere med på ei unik idrettsoppleving!
- Du støttar fellesskapet, lagånd og aktivitet i lokalmiljøet!
- Du er med på å skape gode minner og opplevingar for unge spelarar!
Alle bidrag - små eller store - betyr mykje for oss!
Tusen takk for støtta!
Helsing Vågå/Lom G15


