Klokketårn til Fredsklokken vi har fått i gave!
TID FOR FRED 🕊️ Krig er alles krig 🕊️ Fred er alles fred
🔔 🕊️ 🔔 🕊️ La fredsklokka ringe! 🔔 🕊️ 🔔 🕊️
Hardangerakademiet, nordisk senter for fred, utvikling og miljø, har fått ei 160 kg tung bronseklokke. For at fredsklokka skulle kunne gje lyd, trong ho eit tårn.
No er tårnet på plass, og fredsklokka har allereie ringt. Men heile beløpet er enno ikkje dekka av Spleisen. Vi som sette Spleisen i gang håpar at vi kjem i mål med beløpet kr 96.000. Her er historia til fredsklokka:
Tre søsterklokker er ei folkegåve frå Sør-Korea. Ei klokke står i fredsparken på grensa mellom Nord- og Sør-Korea, og ei anna står i Kultursenteret i den gamle Betlehemskyrkan i Mehedeby i Sverige.
Den tredje vil klinge frå klokketårnet på Hardangerakademiet i Jondal:
tre klokker som alle ringjer for fred, og som minner oss om at fred er alle sin fred, slik krig er alle sin krig.
Tårnet og klokka blir eit verdig og staseleg tilskot til Jonatunet, og er eit tydeleg uttrykk for eitt av hovudmåla for senteret: «TID FOR FRED».
Store tankar kan koma frå små stader. Klokketårnet og fredsklokka blir eit synleg uttrykk for hovudmålet til Jonatunet: Tid for fred. Dette er heilt i ånda til Johan Galtung, verdas første professor i fredsforsking, med slektsrøter på Torsnes i Jondal.
Galtung var ein sentral inspirator for alle fredssymposia frå 2000 og spelte ei avgjerande rolle i etableringa av Hardangerakademiet. Han var med på å byggja opp både PRIO i Oslo og SIPRI i Stockholm, skreiv over 160 bøker og testamenterte både arkivet og det private biblioteket sitt til Hardangerakademiet. På Jonatunet har han fått sitt eige rom – Galtungstova.
No håpar vi at mange vil vere med og gje fredsklokka ei varig stemme. Vil du bidra til klokketårnet, kan du støtta Spleisen!
Ei fredsklokke og ein internasjonal fredssti i emning: I tillegg til klokka har vi motteke 19 tavler med sitat av Nobel fredspris-mottakar Dag Hammarskjöld, ein av FNs mest markante leiarar. Desse tavlene blir monterte langs den nye Fredsstien, lagt som ein rundtur sentralt i bygda, med Hardangerakademiet for fred, utvikling og miljø i sentrum.



