Støtt Ugleparken i Måløy
Ugleparkens venner er organisasjonen bak Ugleparken. Vi jobbar for å realisere Ugleparken i Måløy
Ugleparken er eit ideelt, ikkje-kommersielt og 100 prosent unikt prosjekt med mål om å skape ein open, inkluderande og levande møteplass midt i Måløy sentrum. Prosjektet spring ut frå livsverket til måløyværing Turid Breidalen – ei sterk og fargerik eldsjel som gjennom fleire tiår arbeidde utrøytteleg for å skape liv og røre, fellesskap og glede for andre.
Ho samla rundt 5.000 ugler og den store draumen var å samle dei i eit uglefjell, eller ein uglepark, der folk kunne oppleve, leike og vere saman. Målet er ein park med flest mogleg av 3000 ugler. Kor mange vi får inn er avhengig av plass, utforming og
utsjånad. Og sjølvsagt midlar. Vi har sett målet på Spleis til 100.000 som er det som trengs til eit minimumsprosjekt. Men jo meir vi får inn, jo større og betre blir parken.
Byggeløyvet går ut i oktober 2026, og prosjektet er no i ein fase der vidare finansiering er heilt avgjerande for å kunne sette spaden i jorda innan fristen.
Vi har blitt oppfordra til å lage ein Spleis til og gjer det med glede. Vippsen går til leiar i organisasjonen, Arne Åsebø, som overfører pengane til organisasjonen sin konto. Vi er takknemlege for alle bidrag. Helsing Arne, leiar i Uglefjellets venner.
