Alt forsvann i flammane – gi tre personar ein ny start❤️
I går mista vi barndomsheimen vår då huset brann heilt ned. På berre nokre få minutt forsvann heimen vår, alle minna våre og alt vi har samla gjennom eit heilt liv.
Vi måtte forlate huset utan sko og med berre dei kleda vi hadde på oss. Vi stod ute og såg på at heimen vår, staden som har vore tryggleiken vår og samlingspunktet for familien, forsvann i flammane.
For meg er dette ekstra tungt. Eg er 21 år, og livet har allereie bydd på store tap. I 2013 mista vi søstera mi i ei tragisk ulykke. I 2019 mista vi pappa då han brått døydde på jobb. No har vi også mista huset som har vore ein så stor del av livet vårt – den siste fysiske staden som bar så mange minne om familien vår.
Det viktigaste er at alle kom seg ut i live, og det er vi utruleg takksame for. Men etter brannen står vi no att med ingenting. Klede, sko, personlege eigedelar, ting vi har samla gjennom livet og alt det praktiske vi treng i kvardagen, er borte.
Denne spleisen er oppretta for å hjelpe oss gjennom den første, tunge tida etter brannen. Pengane vil gå til heilt nødvendige ting som klede, sko, kvardagsutstyr, møblar og det vi treng for å kunne byggje opp ein ny kvardag.
Kvar einaste støtte, stor eller lita, betyr meir enn ord kan seie. Om du ikkje har moglegheit til å bidra økonomisk, set vi utruleg stor pris på om du deler spleisen vidare, slik at den kan nå fleire.
Tusen takk for alle varme ord, all omtanke og støtte i ei av dei vanskelegaste tidene vi har❤️
-Beata, Gabriela og Christoffer

