Bil til Ukraina
Siste veka i august skal eg leia ein liten konvoi med bilar frå Oslo til fronten i Ukraina. Der skal bilane overleverast til einingar i den ukrainske hæren. Til soldatar som kjemper ein hardnakka forsvarskrig på vegne av oss alle.
Ein bil er mobilitet. Alle med litt militær erfaring veit at mobilitet er ein føresetnad for stridsevne. Utan mobilitet, har ein soldat minimal nytteverdi og minimale sjansar til å overleva. Ein bil er forsyningar. Ein bil er mat og vatn. Ammunisjon når våpna går tomme. Erstatningar for utstyr som går i stykker. Forsterkingar når fienden presser på. Evakuering når det hastar å koma seg vekk eller til eit kirurgisk sjukehus.
Dette blir min fjerde tur til Ukraina som sjåfør og andre tur som konvoileiar. Organisasjonen Slava Ukraini har sendt over 120 bilar, nokre båtar og veldig mykje anna utstyr til ukrainske avdelingar.
Alt er finansiert av donasjonar. Innsamla midler går til innkjøp og enkle reparasjonar av bilar, diesel og ferge. Elles dekker sjåførane sjølve alle utgifter til mat, overnatting og returreise. "Min" bil er allereie finansiert, men for å halda trykket oppe, må eg også skaffa finansiering til neste bil. Alt i alt har me eit budsjett på 50 000 kr pr bil. Eg har difor sett det som mål.
Eg blir på ekte veldig, veldig glad for alle som bidreg. Ingen donasjonar er for små. Verkeleg.







