Ny beredskapshytte i Hamlagrø
Alle penger går fullt og heilt til bygging og utrusting av ny beredskapshytte i Hamlagrø.
Til deg som er ute og går i ny og ne. Øystese Røde Kors er beredskapen til alle som ferdast i Hamlagrø.
No bygger me ny hytte, og treng di støtte for å sikra beredskapen i Hamlagrø for framtida. Røde Kors driv Hjelpekorpset, som er dei du ser rykkja ut når nokon har skada seg, eller gått seg bort.
Me driv BARK og RØFF som er aktivitetar for barn og ungdom med karakterbyggande friluftsaktivitetar. Dei som vel å vera med oss vert gode på mangt og har det kjekt. Me treng ein ny samlingsstad, og å bygga hytte er dyrt. Me vonar du kan støtta oss, så me kjem i mål med prosjektet.
