Hjelp oss å få tak i orangeriet til den svenske kongen!
DETTE ER KANSKJE DEN DUMMASTE IDEEN VI HAR HATT - Ruben
Og det seier eigentleg ganske mykje. For ein stad i Sverige står eit orangeri.
Ikkje kva som helst orangeri. Orangeriet til den svenske kongen. Og av alle stader det kunne ende opp, har vi no fått moglegheita til å få det til Gordon Hotel på Reed.
Det er fullstendig urimeleg. Det er altfor dyrt. Det er altfor mykje arbeid.
Så naturlegvis har vi lyst til å gjere det.
"Får vi dette til, skriv vi eit av dei største kapitla i Gordon si snart 200 år lange historie"
_____
Vi har 5 nivå på spleisen.
FOLKET
Alle som har gitt mellom 1–999 kr står på den digitale giver lista
HOFFET
Alle som har gitt 1.000 kr får namnet sitt i orangeriet
MONARKIET
Alle som har gitt 5.000 kr blir på slektstreet over orangerimonarkiet
KRONPRINSANE
Alle som har gitt 10.000 kr får sitt eige skilt i orangeriet
KONGANE
Alle som har gitt 100.000 kr får namnet sitt på ei av 4 dørene inn til orangeriet.
Om vi ikkje klarer å nå målet på Spleisen og kjøper organeriet, vil alle få pengane sine tilbake.
_____
Kvifor éin million?
Orangeriet er berre éin del av reknestykket. Det skal òg fraktast til Gordon, fundamentet må på plass, og prosjektet inneber fleire kostnader før orangeriet står ferdig.
Totalt reknar vi med at prosjektet vil koste meir. Målet med Spleisen er éin million. Resten tek Ruben ansvar for å få på plass sjølv.
