Løp for Andreas ❤️ Askøy 2026
Andreas har alltid elska å springe. Sjølv om farten ikkje er den same lenger, gir springinga han stor glede. ❤️
Difor ynskjer vi å arrangere Løp for Andreas – Askøy i september, til inntekt for Barnekreftforeningen. Vi håper mange vil bli med og lage ein fin og inkluderande dag for Andreas og alle andre barn som kjemper mot kreft 💛
Stad: Siglingavatnet friluftspark
Dato: 13. september 2026
Eige barneløp med målområde ved dagsturhytta.
Løp rundt lysløypa etter barneløpet – du kan springe, gå eller sykle.
Vi håper barn, ungdom, familiar og vaksne vil bli med. Du treng ikkje vere rask – her er det plass til alle. Det viktigaste er at vi gjer det saman, i kampen mot barnekreft ❤️
Når du melder deg på, kan du samtidig velje å gi eit valfritt beløp til Barnekreftforeningen. Kvar krone bidreg til ei viktig sak og til arbeidet for barn og familiar som blir ramma av kreft 💛
Meld deg på allerede no! Då får vi bestilt nok startnummer og medaljar til alle som blir med 🏅 Påmelding nederst i Spleis(belønninger), velg antall barnebillett eller ungdom/voksenbillett. Skriv gjerne fullt navn på den som melder på eller eventuelt navn på deltakerer under hilsen 😊
Vi vil opprette eit facebook-arrangement der det vil kome meir informasjon om tidspunkt, løyper og praktisk informasjon
https://www.facebook.com/share/1YHin9bKWU/?mibextid=wwXIfr
Bli med og løp for Andreas! 🏃♂️❤️
Ta kontakt dersom du lurer på noko:
Guro Hauge på Messenger eller 41649873

