Skule gir håp. Utdanning gir muligheiter❤️
Bursdagsønsket mitt i år❤️
Eg er eit av dei mest privilegerte menneska på denne kloden. Bekymringane mine er små i forhold til mange millionar av menneske som kvar dag må kjempe for grunnleggande ting som mat på bordet, klede, ein heim og det å få moglegheit til å sende borna sine på skulen. Her i Noreg er skulen ofte eit ork og noko ein MÅ møte opp på. I andre delar av verda er nettopp det å gå på skulen vegen ut av fattigdom og ein moglegheit til å kome seg vekk frå gata. For mange barn er utdanning starten på eit heilt anna liv, og ringverknadene for kvart barn som får gå på skule og få seg ei utdanning, er store. Det kan vere med på å snu livet til familiar i generasjonar.
Eg har alt eg treng, og derfor har eg lyst til å bruke heile bursdagsmånaden min til å samle inn pengar til ein skule i Kampala i Uganda. Her går alle pengane uavkorta til denne skulen utan dyre mellomledd. Det som vi meiner er småpengar her i Noreg, er mykje pengar der. Vennen min, Salum Kashafali, har støtta denne skulen i mange år og bidratt til at mange barn kjem seg vekk frå gata og får seg utdanning. Eg set pris på alle bidrag, og håper at mange har litt å avsjå til dette prosjektet. Innsamlinga startar i dag 1. september. Siste dag for å bidra er på bursdagen min 30. september.
Eg blir veldig glad om du vil dele denne posten vidare ❤️

