Hopp til hovedinnhold

Nyeste oppdatering

«Høyr om sommarens reise til Ukraina i dagens Dagens på NRK P1!»

Fire filologar for Ukraina

Dei innsamla pengane går til kjøp av bil, omregistrering, forsikring, drivstoff og ferje, slik at bilen kjem heilt fram til der han trengst i Ukraina. Ingen pengar går til sjåførar eller administrasjon.

Krigen i Ukraina har forferdelege følgjer. Den folkerettsstridige krigen Russland fører, utset mange sivile for drap, tortur og terror. Ukrainarane kjempar ein eksistensiell kamp for retten til eige land og eigen kultur, og for å tilhøyre Europa. Krigen krev enorme ofre, både militære og sivile.

Denne sommaren køyrde Knut og Sturla (biletet) ein pickup frå Oslo til søraust i Ukraina. Soldatane som fekk bilen, var imponerte over at fleire enn 150 personar i Noreg hadde vore med og støtta innsamlinga vår. No er vi fire kollegaer som drar i gang ei ny innsamling. Målet vårt er 75 000 kr, som rekk om lag til to bilar. Bilane reddar liv. På biletet nedanfor ser vi ein annan bil frå Noreg som frakta medisinsk utstyr og var i bruk allereie dagen etter at han blei levert.

Situasjonen i Ukraina endrar seg stadig, og i det siste har vi sett at dei russiske drone- og rakettåtaka oftare og oftare råkar sivile mål som persontog, kjøpesenter, marknader og kyrkjer. Ukrainarane lever under konstant trussel om okkupasjon, drap, terror og utvisking av retten til sjølvbestemming. Nokre av soldatane vi snakka med i sommar, hadde sjølve opplevd russisk okkupasjon i starten av krigen, og nettopp det hadde fått dei til å verve seg.

Det ukrainske militæret fører ein tapper kamp, og treng all den støtta det kan få. Vi er fire kollegaer som ønskjer å bidra så godt vi kan. For å hjelpe til med evakuering av folk og transport av utstyr ved fronten, trengst det bilar som kan køyre i skytteltrafikk fram og attende. Bilane må ha firehjulsdrift, vere dieseldrivne og ha manuelt gir.

Sjåførar står klare til å føre bilane heilt fram og overleverer dei direkte til mottakarane ved fronten. Vi vil oppmode alle til å gi ein skjerv og gjennom det bidra til ukrainsk siger.

Слава Україні! Героям слава! / Ære vere Ukraina! Ære vere heltane!

Fire filologar for Ukraina

36 960 kroner innsamlet

56 givere
94 dager igjen
49% av 75 000 kr
Fire filologar for Ukraina – Dagfinn, Ellen, Knut og Sturla
Verifisert
Ellen Hellebostad Toft står bak spleisen
SLAVA UKRAINI mottar pengene
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».

Siste aktivitet

  1. Anonym
    1 giver ga anonymt
  2. Håkon
    støttet og skrev en hilsen
    Stå på!
  3. Anonym
    1 giver ga anonymt
Vis all aktivitet

Hjelp Fire filologar for Ukraina – Dagfinn, Ellen, Knut og Sturla å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
Ellen Hellebostad Toft er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere populære spleiser

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×