Mellomtrinnet ved Rimbareid skule spring for TV Aksjonen 2026
Me har i år, som i fjor, valt å gjennomføra eit skuleløp for NRK TV-aksjonen.
Pengane i år går til NRC Flyktninghjelpen under tittelen «Saman for menneske på flukt».Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen og skal gje over 400 000 menneske på flukt ein trygg heim og eit håp for framtida.
Aldri før har fleire menneske vore på flukt frå krig og konflikt, og aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffa seg ein heim. Men det finst håp, og det finst løysingar.
Pengane skal effektivt bidra til at menneske på flukt får tryggare og betre bustadtilhøve i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo, ved blant anna å skaffe telt og andre nødbustadar, midlertidige og permanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.
NRC Flyktninghjelpa er Noreg sin styrste humanitære organisasjon og hjelper menneske på flukt i verdas verste kriser.






