Austrheim kommune si digitale bøsse til NRK TV-aksjonen 2026 – Sammen for mennesker på flukt
Aldri før har fleire menneske vore på flukt frå krig og konflikt, og aldri før har så mange hatt bruk for hjelp til å skaffa seg ein heim. Men det finst håp, og det finst løysingar.
TV-aksjonen 2026 skal effektivt bidra til at menneske på flukt får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Pengane skal gå til telt og andre naudbustader, mellombelse og permanente heimar, vass- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.
NRC Flyktninghjelpen er Noregs største humanitære organisasjon og hjelper menneske på flukt i dei verste krisene i verda.
Dette er ein Spleis for alle i Austrheim kommune. Men det går sjølvsagt fint å gje direkte til TV-aksjonen eller via andre sine spleisar :-)






