Joggedag for Urafiki på Seim skule 2026
Barneskulen EP Mulambula i Bukavu i Øst-Kongo er venskapsskulen til Seim skule. Dei to skulane har tett og god kontakt gjennom utveksling av tekstar og bilete, samtalar på WhatsApp og ulike innsamlingsaksjonar som joggeløp og julemarknad.
På Mulambula har det skjedd mykje dei siste åra, mykje takka vere innsatsen og innsamlingane ved Seim skule. I haust stod dei siste 4 nye klasseromma klare til skulestart (sjå bilete). Dette er eit stort steg for elevane og lærarane på EP Mulambula.
No står siste etappe for tur: kontor, toalett og datarom. Desse er viktige for at skulen skal fungere godt i kvardagen og gi elevane betre læringsvilkår.
Arbeidet og innsamlingane på Seim skal bidra til auka kunnskap og forståing, kulturutveksling og venskapsutvikling mellom barn og vaksne på EP Mulambula og Seim skule. Slik blir dette både eit konkret byggeprosjekt og eit felles læringsprosjekt for begge skulane.

