No fiksar me Elvadalen på Lofthus !
Alle pengane som samlast inn skal gå til gjenopning og forbetring av Elvadalen
Elvadalen skogsveglag har bestemt å skaffa midlar til å utbetre rasområde og bru slik at den populære turvegen rundt Elvadalen kan opnast att. Me har enno ikkje fått avklart kva me kan få frå naturskadeordningen , men me veit at det ikkje vil vere nok til heile utbetringa, totalbudsjett for arbeidet er rundt tre millionar. Me vil difor søke midlar breitt og er avhengig av at alle bidrar. Denne turvegen er spesielt viktig for turistnæringa og fastbuande mosjonistar.

