Femtilappen
Femtilappen er ei månadstevling i bowling. Turneringa kan spelast i Øystese og på Voss og består av tre seriar. Deltakaravgifta på kr. 50* per deltakar går til ein veldedig organisasjon og det vert ingen premiering til deltakarane anna enn prestisje og det å støtta ei god sak. Dei som ynskjer å delta i tevlinga betalar kr. 50 til denne spleisen og legg igjen namn og spelehall, så hentar eg ut resultatet på spelet i etterkant via Lanetalk.
Det er mogeleg å spela så mange turneringsstartar du orkar i perioden, men det må betalast kr. 50 for kvar start (3 seriar). Betaling til halleigarar for spelet ditt kjem i tillegg.
Resultatliste frå turneringa samt status og kommentarar vil bli publisert på Franks bowlingsider under menyvalet Femtilappen. Der vil du også finna hcp for deltakarane og meir detaljerte reglar.
Viss dette fungerer og interessa er der, så er det tanken å la turneringa rulle med stønad til ein ny veldedig organisasjon kvar månad.
I november er det organisasjonen Barnekreftforeningen som er mottakar.
* Spleis tar 6,5% i drifts- og administrasjonskostnader.

