Bil til Ukraina
Dei innsamla midlane går til kjøp av bil, omregistrering, profilering, drivstoff og ferje – alt som skal til for å få bilen fram til Ukraina. Ingen av pengane går til sjåførar eller administrasjon.
Krigen i Ukraina har fryktelege konsekvensar. Russlands folkerettsstridige krigføring fører til at sivile blir utsette for drap, tortur og terror. For å hjelpe til med evakuering av menneske som hamnar i krysselden, er det behov for ein bil som kan gå i skytteltrafikk til og frå utsette område. Bilen må som regel ha firehjulstrekk (4WD), dieselmotor og manuelt gir.
Sjåførar står klare til å køyre bilen heilt fram til Ukraina og overlevere han direkte til dei som skal bruke han i evakueringsarbeidet.


