Hopp til hovedinnhold

30. September – historia om menneska som rodde ut

Pengane skal brukast til research, intervju, reiser, kjeldearbeid og utvikling av manus og pitch for «30. September», med mål om å utvikle historia til eit profesjonelt filmprosjekt som kan presenterast for produksjonsselskap.

Ei historie eg har bore med meg sidan eg var barn

Eg hugsar historiene. Eg hugsar korleis eg sat og lytta når dei vaksne fortalde om det som skjedde utanfor Ervik den 30. september 1943.

Om hurtigruteskipet Sanct Svithun. Om menneska som kjempa for livet. Og om folk frå den vesle bygda Ervik som sette ut i små opne båtar for å hjelpe.

For meg var dei heltar.

Eg vaks opp i nabobygda Honningsvåg, men store delar av familien min kjem frå Ervik, og eg tilbrakte mykje tid der gjennom oppveksten. Historia har derfor alltid vore nær. Historia er også ein del av mi eiga familiehistorie. Oldeforeldra mine budde i Ervik, og mormor mi var berre ni år gammal då Sanct Svithun kom inn mot bygda denne dagen.

No ønskjer eg å gjere noko eg har tenkt på i mange år:

Eg vil arbeide for at historia om menneska i Ervik skal nå det store lerretet.

Arbeidstittelen på filmprosjektet er «30. September».

Dette skal ikkje først og fremst vere historia om eit skip som vart bomba.

Det skal vere historia om menneska som rodde ut.

Eg har allereie samla mykje historisk kjeldemateriale og fått med meg fleire personar som kjenner historia godt og ønskjer å bidra.. No skal materialet utviklast vidare til eit profesjonelt filmprosjekt.

Pengane frå Spleisen skal brukast til research, intervju, reiser, kjeldearbeid og utvikling av historia, pitch og manusgrunnlag. Målet er å utvikle prosjektet langt nok til at det kan presenterast profesjonelt for produksjonsselskap og andre aktørar i filmbransjen.

Du er altså ikkje med på å finansiere ein ferdig film enno.

Du er med på å gi denne historia sjansen til å bli ein film.

Kanskje kan vi saman sørgje for at historia om menneska som rodde ut frå Ervik den 30. september 1943, blir fortald til langt fleire.

Støtt spleisen

Gi et valgfritt beløp

Gi det du vil

For deg som vil støtte med et valgfritt beløp

Kjøp belønninger

Innsamler har ansvar for distribusjon av belønninger

Venn av 30. September

Namnet ditt kjem på ei digital takkeside på prosjekt-nettsida.
500 kr
1 solgt
Velg antall
1

Prosjektvenn

Namn på takkesida + eigne digitale oppdateringar frå utviklinga av prosjektet.
1 000 kr
Velg antall
1

Historia vidare

Invitasjon til eit framtidig lokalt prosjektarrangement/presentasjon dersom dette blir arrangert.
2 500 kr
50 tilgjengelige
Velg antall
1

Spesiell støttespelar

invitasjon for to til ei framtidig spesialvisning/presentasjon knytt til prosjektet dersom denne blir gjennomført.
5 000 kr
25 tilgjengelige
Velg antall
1

Hovudstøttespelar

Namn under «Med støtte frå»/«Special Thanks» dersom filmen blir realisert og endeleg kreditering tillèt dette.
10 000 kr
20 tilgjengelige
Velg antall
1

30. September – historia om menneska som rodde ut

1 050 kroner innsamlet

4 givere
, 
Avsluttet 29.10.2026
0% av 250 000 kr
Verifisert
Bård Jøran Vilnes Honningsvåg mottar pengene
Avsluttet

Siste aktivitet

  1. Anonym
    3 givere ga anonymt
  2. Anonym
    støttet og skrev en hilsen
    Lykke til
Vis all aktivitet

Hjelp Bård Jøran Vilnes Honningsvåg å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
Bård Jøran Vilnes Honningsvåg er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere populære spleiser

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×