Leselyst i Herøy
Leseglede i Herøy!
Herøy kommune har over fleire år hatt særlege utfordringar med leseferdigheitene, særleg mellom elevar på barnetrinnet.
I dei nasjonale prøvene i 2024 låg nesten halvparten av femteklassingane på det lågaste meistringsnivået i lesing, og gjennomsnittet låg fem poeng under landsgjennomsnittet.
Frå 2015 til 2025 har andelen norske elevar som presterer under PISA sitt nivå 2 i lesing auka frå 15 til 34 prosent. Nivå 2 er definert som ei nedre grense for kva elevar bør kunne, for å vere godt nok førebudd til vidare utdanning og arbeidsliv.
Kommunen har difor gjort lesing til eit særleg satsingsområde. No ønsker vi å løfte lesegleda og leselysta i Herøy kommune enda meir – men då treng vi di hjelp!
Gjennom proaktive lese- og skriveprosjekt ønsker vi å gjere det enda meir naturleg og spanande for den oppveksande generasjonen å ty til bøker som ei heilt naturleg og opplagt kjelde til både underhaldning og eventyrlyst. Noko som i tillegg vil gje språkleg og menneskeleg utvikling.
Og så til kva dette handlar om heilt konkret: For å få kontinuitet i dette arbeidet, treng vi mange ulike klassesett av aldersbestemt skjønnlitteratur, som kan sirkulere mellom dei ulike skulane og trinna. Når alle elevane i eiklasse kan sitje med den same boka i hendene, får ein heilt andre moglegheiter til å jobbe langsiktig med lese- og skriveprosjekt.
Bøker av god kvalitet som kan vare i fleire år er ei kostbar investering. Difor ber vi både næringslivet og private gjevarar om hjelp til å kunne gjere bøker og lesing til ein mykje meir naturleg del av oppveksten til barn i kommunen. Vi håper du kan bli med og støtte opp, og vi set stor pris på alle bidrag – både store og små.









