Bremanger kommune – Sammen for mennesker på flukt – NRK TV-aksjonen 2026
Kvart andre sekund må eit menneske flykte grunna krig og konflikt. Du kan hjelpe. Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for fremtida.
Aldri før har fleire menneske vore på flukt frå krig og konflikt, og aldri før har så mange trengt hjelp til å skaffe seg ein heim. Men det finns håp, og det finns løysingar.
TV-aksjonen 2026 skal effektivt bidra til at menneske på flukt får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Pengane skal gå til telt og andre nødbustadar, mellombelse og permanente heimar, vatn- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.
NRC Flyktninghjelpen er Norge sin største humanitære organisasjon og hjelper menneske på flukt i verdas verste kriser.






