Minigriser reddet fra slakt❤️
Minigrisene Sofie og Ferdinand skulle slaktast 😥🐷❤️
For nokre dagar sidan vart vi her på Bjørkeli Dyrefristad kontakta angåande to minigriser som skulle slaktast. Vi er allereie på sprengd kapasitet, og eigentleg burde vi ha sagt nei.
Men korleis kan ein klare å seie nei når to uskuldige dyr står i fare for å miste livet? 😥
Så vi sa ja❤️
Og no håpar vi at de vil hjelpe oss, for dette blir kostbart🥺🙏
Begge desse to verdifulle sjelene har ein del helseutfordringar og treng veterinærtilsyn, behandling og vidare oppfølging. Samstundes må det gjerast nødvendige utbetringar i fjøset, slik at dei får ein trygg og god plass å bu gjennom vinteren.
Alle bidrag, store eller små, betyr enormt mykje og går direkte til veterinærbehandling, nødvendig utstyr og tilrettelegging for Sofie og Ferdinand.
Målet er at dei skal få dei aller beste føresetnadene for eit langt, trygt og godt liv her på Bjørkeli Dyrefristad. 🐷❤️
🙏 Vil du bidra?
Gi eit bidrag til spleisen, eller via Vipps: 727263
Tusen takk til deg som ønskjer å bidra – enten ved å dele, donere, like eller kommentere. Alt hjelper🙏❤️
Dette arbeidet er ikkje mogleg utan dykk.
Saman kan vi gi Sofie og Ferdinand den nye starten dei fortener❤️
