Hjelp oss å få Even Rokne trygt hjem til Norge
(English translation under)
❤️ Even Rokne vart alvorleg skadd i ei fallskjermulykke i Tsjekkia. Under innflyginga til landing gjorde han ein for låg sving i finalen, noko som førte til ei svært hard landing.
Even fekk hjernebløding og vart operert kort tid etter ulykka. Han har i tillegg brot i bekkenet og fleire andre brotskadar. Han er stabil, men framleis ikkje våken.
Sjukehusopphaldet og behandlinga i Tsjekkia blir dekt gjennom HELFO. Det me no først og fremst ønskjer å samle inn pengar til, er sjuketransporten heim til Noreg.
Sjukehuset ønskjer at Even kan bli transportert heim før dei neste operasjonane må gjennomførast. Familien vil sørgje for at han kjem heim så snart det er medisinsk forsvarleg. Fordi Even ikkje hadde reiseforsikring, må me rekne med å dekke sjuketransporten sjølve. Denne kan koste rundt 300 000 kroner.
Me opprettar difor denne Spleisen for alle som ønskjer å bidra. Even har mange venner og kjende, ikkje minst etter mange år i fallskjermmiljøet, og me veit at mange ønskjer å hjelpe.
Pengane som blir samla inn, skal først og fremst gå til sjuketransporten heim til Noreg.
Det er oppretta ein eigen bankkonto til innsamlinga:
Kontonummer: 3480 40 46668
Dersom transporten heilt eller delvis blir dekt på annan måte, vil eventuelle resterande midlar kunne gå til nødvendige kostnader knytte til rehabilitering og oppfølging etter ulykka.
Me vil halde oversikt over bruken av pengane, og alle kostnader vil bli dokumenterte.
Alle bidrag, store som små, blir sette stor pris på.
Tusen takk for all støtte og omtanke rundt Even og familien ❤
Help Bring Even Rokne Home for Medical Treatment
Even Rokne was seriously injured in a skydiving accident in the Czech Republic. During his approach to landing, he made a turn too low on final approach, resulting in a very hard landing.
Even suffered a brain haemorrhage and underwent surgery shortly after the accident. He also sustained a fractured pelvis and several other fractures. His condition is stable, but he has not yet regained consciousness.
His hospital stay and medical treatment in the Czech Republic are covered through the Norwegian healthcare system (HELFO). What we are primarily raising funds for now is the medical transport needed to bring Even home to Norway.
The hospital would like Even to be transported back to Norway before the next surgeries need to be performed. His family will make sure he is brought home as soon as it is medically safe to do so. As Even did not have travel insurance, we have to expect to cover the cost of the medical transport ourselves. This could cost approximately NOK 300,000.
We have therefore created this fundraiser for everyone who would like to contribute. Even has many friends and acquaintances, not least from his many years in the skydiving community, and we know that many people would like to help.
The funds raised will primarily be used to cover the medical transport home to Norway.
If the transport is fully or partially covered through other means, any remaining funds may be used for necessary costs related to Even’s rehabilitation and follow-up care after the accident.
We will keep a record of how the funds are used, and all expenses will be documented.
Every contribution, large or small, is greatly appreciated.
Thank you so much for all the support, care and concern shown to Even and his family. ❤️
