Julegate i Øvre Årdal
Me er ei sjølvutnemnd julegate-gruppe, som ønsker å skape ei fin julegate i Øvre Årdal, som lyser opp i vintermørket og gir både innbyggarar og tilreisande julestemning!
Sentrum er ein viktig møteplass for både store og små. Me ønsker at det skal vere ekstra triveleg å ta turen til sentrum i førjulstida, anten ein skal handle julegåver, møte kjente eller berre nyte den gode julestemninga.
For å få dette til ønskjer me å investere i lys til lyktestolpane, heile vegen fra Skysstasjonen til Frisørstova, som kan lyse opp sentrum og skape glede år etter år.
Utruleg mange bedrifter, små som store, har meldt seg positive, og har allereie bidrege med midlar inn i prosjektet. For å komme heilt i havn så treng me di hjelp!
Ved å støtte denne spleisen er du med på å skape noko fint for heile Årdal. Alle bidrag hjelper oss eit steg nærare, og målet er at lysa skal vera på plass til årets julegateopning! Kan me klara det saman?
Me håpar at både årdøler, utflytta årdøler, lokale bedrifter og alle som er glade i Årdal, vil vere med på løftet.
Tusen takk for at du bidreg og støttar initiativet vårt❤️✨

