Bjørn-Erik Strand sin bursdagsspleis til MENTAL HELSE
I dag bruker eg bursdagen min til å samle inn pengar til mental helse. Kontrastane frå dagen i går, 23. oktober, til bursdagen i dag, kan knapt bli større.
I går tok eg farvel med ein person som eg ikkje har nok ord til å beskrive kor mykje har betydd for ungdomsåra mine i Sogndal. Den mentale helsa hans på det tidspunktet gjorde at han forlot livet. Når slike situasjonar byggjer seg opp, kan smerten bli så sterk at ein til slutt tek irreversible steg for å få heilt fred.
I motsetning til han hadde eg flaks i 2014, eg forlot ikkje livet sjøl om ønsket var sterkt. Behovet for fred frå eit ukontrollerbart kaos var drivaren, men eg møtte psykisk helsevern i grevens tid, og for meg fungerte det. I 4 år etterpå blei same institusjon ein viktig del av livet mitt. Der fekk eg prate og reflektere, og sakte lære kva mental helse betyr for meg, og korleis forstå meg sjølv betre. Det har vore avgjerande for at eg i dag faktisk kan feire bursdagen min.
Alle må få sjansen til å feire bursdagane sine.
Snakk – sjølv om orda ikkje vil ut med det første, sjølv om du ikkje finn dei rette orda, eller dei er vanskelege å seie. Og støtt institusjonane som kan vere der når det blir tungt å finne meining, forstå kva som skjer, eller finne vegen vidare, både for den det gjeld og for pårørande ❤️
Eg vil òg anbefale denne boka på rundt 100 sider (gratis digitalt) til dei som ynskjer meir innsikt i depresjon, og kor alvorleg det kan bli. Forfattaren, som går gjennom ein depresjon, skildrar det presist og på ein måte som gjorde det lett for meg å kjenne meg igjen. Denne boka var noko av det viktigaste eg las for å forstå meir i løpet av dei 4 åra:




