Hopp til hovedinnhold

Hjelp Heidrun og Terje til å realisere draumen om ein samlingsstad for store og små på Øvrabø ❤️

Alle pengane som vert samla inn går uavkorta til Hedrun og Terje

Heidrun er ei heilt spesiell dame. Ho er hjartevarm, inkluderande og ei som ser menneska rundt seg. For ungane i Solvorn er ho sjølvaste «tante Heidrun» – ei som alltid stiller opp, finn på noko kjekt og gjerne gjer litt meir enn det vesle ekstra. Ho er aktivt med i det meste som rører seg i bygda, og ho legg stor innsats i å halde gamle tradisjonar i hevd. Samstundes har ho eit heilt spesielt bankande hjarte for dei yngste. Anten det er Halloween eller andre merkedagar, sørgjer ho for at ungane får oppleve noko ekstra kjekt. Vi er så heldige som har Heidrun i livet vårt og alle bygder skulle hatt ei Heidrun:) 

Ein gamal fjøs med nytt liv og store draumar 

Saman har Heidrun og ektemannen Terje skapt noko heilt spesielt i den gamle fjøsen i det vakre klyngetunet på Øvrabø. Her har dei, med stor omtanke og kreativitet, skapt ein triveleg samlingsstad der historia møter framtida. Gamle staurar frå svunne tider har fått nytt liv som veggpryd, og gjenbruk står sentralt i arbeidet deira. Her fortel kvar einaste vesle detalj ei historie, og kjærleiken til både bygda, historia og handverket er tydeleg.

Men draumane deira stoppar ikkje der. Heidrun og Terje ønsker å utvikle fjøsen til ein levande møteplass for folk i alle aldrar. Dei ser føre seg ein stad der folk kan møtast over ein kopp kaffi, delta i ulike aktivitetar, skape nye minner og kjenne på fellessskap. På sikt ønsker dei også å kunne innreie eit selskapslokale i andre etasje. Dei ønsker å skape ein stad der generasjonar kan møtast, tradisjonar førast vidare og der nye vennskap kan oppstå.

Men ein gamal rapport står i vegen. 

For å kunne realisere planane ønsker Heidrun og Terje å søkje kommunen om bruksendring av fjøsen. Men her har dei møtt på ei utfordring som dei ikkje hadde sett føre seg. Ein eldre rapport frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om potensiell rasfare i området viser seg å vere eit hinder for å kome vidare. Slike eldre rapportar vart i mange tilfelle utarbeidde på eit overordna nivå, der store område vart vurderte samla. Dette førte til at også områder som ikkje er rasutsett vart omfatta av aktsemdvurderingane. For å kome vidare med søknaden, må derfor Heidrun og Terje få utarbeidd ein ny, stadspesifikk skredfarevurdering frå fagkyndige geologar. 

Ei slik utgreiing er kostbar, og estimert å koste ein stad mellom 50 000 og 100 000 kroner. Dette er sjølvsagt ein stor utgift å bære aleine, men utan ein ny rapport kan draumen om å utvikle fjøsen vidare bli sett på vent – kanskje for godt. Kan vi hjelpe dei eit steg nærare draumen? 

Det er nettopp derfor vi startar denne Spleisen.  Heidrun og Terje ønsker ikkje berre å skape noko for seg sjølve. Dei ønsker å gi bygda og menneska rundt seg ein stad å samlast, trivast og høyre til. Ein møteplass som kan vere til glede for både små og store, for fastbuande og tilreisande, og for alle som ønsker å ta del i fellesskapen. No håpar vi at mange vil vere med og bidra, slik at dei kan få på plass den nødvendige faglege vurderinga dei treng for å få godkjent bruksendring. 

Ingen bidrag er for små. Om mange bidreg litt kvar, kan vi saman få til noko stort ved at Heidrun og Terje for moglegheit til å realisere draumen om ein møtestad med gode samtalar, aktivitetar, latter og glede. La oss hjelpe Heidrun og Terje med å halde døra open for draumen sin! 

Del gjerne Spleisen vidare med vener, familie og andre som har eit hjarte for Solvorn og levande bygder. Tusen takk for alle bidrag, all støtte og alle delingar!  Saman kan vi gjere ein forskjell.

Hjelp Heidrun og Terje til å realisere draumen om ein samlingsstad for store og små på Øvrabø ❤️

250 kroner innsamlet

1 giver
, 60 dager igjen
0% av 100 000 kr
Verifisert
Monica Vedvik
står bak spleisen
En annen person er blitt invitert som mottaker
Denne knappen åpner en modal med delingsknapper, hvorav den første heter «Del på Facebook».

Siste aktivitet

  1. Anonym
    støttet og skrev en hilsen
    Masse lykke til med å nå draumen! Beste helsing Monica og Vegar
Vis all aktivitet

Hjelp Monica Vedvik å nå frem til flere!

Deler du spleisen med nettverket ditt bidrar du i snitt med 1 000 kr ekstra til spleisen 💰
Facebook
Kopiér lenke
Flere valg
Monica Vedvik er ansvarlig for innholdet i denne innsamlingen og for at pengene går til angitt formål.

Se hva andre spleiser på 🙌

Tenker du på å lage en spleis til noe du brenner for? Vi har samlet et knippe inspirerende spleiser!
Se flere populære spleiser

Uuups! Du bruker en utdatert nettleser.

Med nettleseren du nå bruker vil spleis.no ikke kunne brukes skikkelig. Men fortvil ikke! Du har flere muligheter;

  1. Bytt til en annen nettleser, for eksempel Google Chrome
  2. Fortsett på mobiltelefonen, bare skriv inn adressen:
  3. Lukk denne boksen, og fortsett på eget ansvar

×