Hjelp å ta vare på Litlabø og Sagvåg Samfunnshus.
❤️ Hjelp oss å ta vare på samfunnshuset vårt! ❤️
Litlabø og Sagvåg samfunnshus er meir enn berre eit bygg. Det er ein del av historia vår, ein møteplass for bygda og ein stad der minner har blitt skapte sidan 1955. ❤️
No står det i fare for å mista noko av livet sitt. Bygget treng sårt oppussing, og me ønskjer å starta ein spleis for å hjelpa – uansett kven som endar opp med å kjøpa det.
Me drøymer om at dette vakre, gamle bygget skal få leva vidare, kunna leigast ut og framleis vera ein samlingsstad for små og store i lokalsamfunnet vårt.
Eit samfunnshus er meir enn veggar og tak. Det er historia vår, fellesskapet vårt og framtidige minner. ❤️
🙏 Kvar einaste krone kan bidra. Hjelp oss å halda liv i Litlabø og Sagvåg samfunnshus – for bygda, for historia og for generasjonane som kjem etter oss.
❤️ Saman kan me kanskje redda noko som betyr så mykje for så mange. ❤️
