Frå Hardanger til Ukraina
Alle donasjoner går direkte til Fritt Ukraina
Me er to 19 år gamle gutar som har bestemt oss for å reise til Ukraina for å bidra med konkret hjelp i ein krig som har prega landet og befolkninga i fleire år.
Me ønskjer ikkje berre å sitte på sidelinja og sjå på. Derfor har me bestemt oss for å reise ned til Ukraina for å levere kjøretøy og nødvendig utstyr, gjennom Fritt Ukraina.
For å gjennomføre dette treng me hjelp. Gjennom denne spleisen håper me å samle inn pengar som skal bidra til å finansiere innkjøp av bil og utstyr som kan kome menneske i Ukraina til nytte.
Alle bidrag, store og små, blir sett utroleg stor pris på. Dersom du ikkje har moglegheiten til å bidra økonomisk, hjelper det også mykje å dele innsamlinga vidare.
Tusen takk for at du tek deg tid til å lese, støtter initiativet vårt og står saman med Ukraina.
