Hjelp meg med støtte til mamma som har det vondt og tungt ❤️
Hjelp meg å gi mamma litt støtte i ei vond og vanskelig tid
Eg har oppretta denne spleisen for å gje min kjære mamma, Synnøve Mo 💜, litt glede og økonomisk støtte i ein veldig tøff periode. Ho har vært sjuk i mange år og levd eit svært krevjande liv med mykje smerter i kroppen.
Kva pengane skal gå til
- Medisiner
- Billån
- Forsikringar
- Andre nødvendige utgifter som kan gjere kvardagen litt lettare
- Eventuelt noko kjekt og opplevelsesrikt som kan gje ho litt glede i ei ellers veldig tung tid
Mammas helsesituasjon
Mamma lever til dagleg med store betennelsessmerter i rygg- og bekkenområdet, samt muskelsmerter som fibromyalgi og endetarmsplager. Ho har også interstitiell cystitt (blæresmertesyndrom), som er ein svært smertefull, kronisk betennelsestilstand i blære- og endetarmsområdet. Tilstanden blir forverra av det aller meste av mat og drikke, og ho må derfor gå på ein streng diett for å unngå å trigge og forverre den sensitive og betente blæreveggen.
I tillegg har ho vestibulitt, som også er ein langvarig smertetilstand i underlivet. Det gjer at mykje av smertene ligg i og rundt same området, noko som til tider gir uuthaldelege lidingar. Ho er avhengig av sterke og bedøvande medisiner, og treng dagleg mosjon og trening for å klare å halde seg nokonlunde oppegåande.
Mange år med smerter
Samtidig har mamma levd med endometriose sidan tenåra. Det gjer at ho med jamne mellomrom blir sengeliggjande med store smerter, og ho har vært gjennom fleire operasjonar.
Ho har vært sterk og tapper i alle år, men no er mamma veldig dårleg og prega av alle åra med denne livssituasjonen. Ho er tappa for krefter og har det ganske vondt og vanskelig. Det er frykteleg vondt å sjå mamma slik – sjuk, sliten og med så mykje plager.
Om kvardagen og behovet for bil
Ho har i fleire år prøvd å hjelpe til på gårdsbruket vårt, også for å halde seg i aktivitet, men ho klarer det ikkje lenger. Det fører til enorme smerter ho ikkje maktar å handtere.
Mamma har no, etter å ha vært utan bil i mange år på grunn av ein veldig stram økonomi som ikkje strekk til, sett seg nøydt til å låne pengar til ein brukt bil. Ho treng bilen for å kome seg ut i marka på tur og til treningar utan å måtte være avhengig av andre. Å ha bil er dyrt, men vi såg ingen annan utveg, sidan det ikkje er forsvarleg å bevege seg langs den sterkt trafikkerte riksvegen med 80-sone som går rett forbi gårdsbruket vårt.
Din støtte betyr mykje
Eg ville sett enormt stor pris på om du vil hjelpe meg med litt økonomisk støtte til mi kjære mamma, som så sårt treng – og verkeleg fortener – det.
Mvh
Kenneth på 20 år ❤️
